
Norwater med ny kraftig vekst!
Norwater AS i Høylandsbygd har solid vind i segla for tida. I desse dagar avsluttar ein bygginga av anlegg til verda’s største brønnbåt, «Ronja Storm». Parallelt rapporterer selskapet om rekordsal og nye kontraktar verdt over 100mill signert gjennom 2018.
Dagleg leiar Per Einar Gjerding er ein nøgd mann om dagen: «Vi var litt bakpå i vårt sal i 1. halvår, men det har verkeleg tatt av i haust og vi har no eit svært godt utgangspunkt for 2019. Med ei historisk høg ordrebok har vi sikra aktiviteten til 1. halvår 2020. Ein sjeldan lang horisont for oss», seier Gjerding.
Det er særskilt innan fiskeri og oppdrett bedrifta har suksess med anlegga som omgjer sjøvatn til ferskvatn. I tillegg til kontrakten med Fitjar Mekaniske Verkstad og brønnbåten «Hordagut» som vart omtala i juli, har Norwater sikra seg leveransar til fleire andre brønnbåtar både i Norge og Tyrkia for blant anna norske kundar som Aas Mekaniske Verkstad, Nordlaks og DESS. Her snakkar vi store anlegg med kapasitet frå 3,000m3/døger til 6,000m3/døger.
Norwater har og nyleg sikra seg leveranse til ein serie på 6 megatrålarar for russisk eigar. Desse skal byggast i Russland med norsk design frå Skipsteknisk i Ålesund. Her skal installerast 2 anlegg med kapasitet på 250m3/døger pr skip, altså totalt 12 anlegg.
Kjente Norwater kundar som Seadrill, Odfjell og Ulstein har alle returnert og kome med nye bestillingar. «Dette er sjølve grunnmuren i vår drift og filosofi. Vi skal prestera på eit slikt nivå at har kundane først kjøpt anlegg frå oss – så vil dei kjøpa frå oss igjen. Dette har vi lukkast svært godt med gjennom hardt og godt arbeid av dei flinke folka vi har i selskapet», skryt Gjerding over sine ansatte.
Gjerding trekk vidare fram det gode samarbeidet med BKS på Opsanger. «BKS har imponert og gjort ein kjempejobb for oss i over 2 år. Dei har sin del av æra for den medgangsbølgja vi no er på. Dei har demonstrert sin fleksibilitet og kapasitet med tilrettelegging for- og gjennomføring av produksjon av større anlegg i tillegg til standard anlegga for Norwater», rosar Gjerding.
Norwater forventar ein omsetnad på kring 70mill i 2018 og eit driftsresultat på 8-9%. «Med ytterlegare vekst i 2019 må vi ha meir folk. Sidan 2013 har vi dobla omsetnaden ein gong og ligg an til å dobla igjen i 2019. Det er klart dette krev ressursar. Så langt har vi leigd inn ein ingeniør frå Zenit Engineering AS, samt tilsett ein ny. Vi vil då vera oppe i 16 tilsette i selskapet. Denne veka lyser vi og ut etter ein ny servicesjef», avsluttar Gjerding. Sjå stillingsannonse HER!
For spørsmål:
Per Einar Gjerding,
+47 91 66 35 75
peg@norwater.no
CEO, Norwater AS